Denne stillingen er utgått!

Kateket / kyrkjelydspedagog

Austevoll sokneråd
Arbeidssted:
Storebø
Deltid
Søknadsfrist:
15/11/2019
Se hjemmeside
Kontaktperson:
95242290
Jan-Tørres Nordstrand
Send epost
Søk herSøk her
Om arbeidsgiver:

Austevoll kommune er ein kystkommune, ein times reise sør for Bergen. Kommunen har ca 5200 innbygjarar. Folketalet er aukande og kommunen utmerkar seg med eit aktivt næringsliv, ei storslått og vakker natur med mogelegheit for eit rikt og variert friluftsliv og med gode oppvekstvilkår. Det er gode hurtigbåt- og ferjetilbod både mot Bergen i nord og Haugesund/Stavanger i sør. I kommunen er det 1 ungdomsskule, 3 barneskular og fleire private barnehagar. Det er fiskarfagskule, grunnfag allmenfag og yrkesskule.

Austevoll sokneråd i Midthordland prosti i Bjørgvin Bispedømme har ledig 80% stilling som kateket / kyrkjelydspedagog. Stillinga er ledig frå 01.11.2019.

Kateketen/kyrkjelydspedagogen er leiar for kyrkjelyden si undervisningteneste. Hovudoppgåva er i fyrste rekkje konfirmantarbeid, trusopplæringsarbeid og skule-/kyrkjesamarbeid i samsvar med kyrkjelyden sin trusopplæringsplan, i samarbeid med tilsett trusopplæringsmedarbeidar og sokneprest.

I soknet er det 5 kyrkjer og 1  kapell. I tillegg til kateket-/kyrkjelydspedagogstillinga er det sokneprest, organist, og dagleg leiar i heile stillingar. Vidare er det kontorleiar 80% stilling  og kyrkjetenarar i 60% stilling.

Austevoll er ein god kommune å bu i og me opplever at kyrkja står sterkt i folket. Dette gjer Austevoll kyrkjelyd til ein intressant og utfordrande arbeidsplass.

Arbeidsoppgåver:

  • Kateketen/kyrkjelydspedagogen er leiar for undervisningstenesta i soknet
  • Leiar kyrkjelyden sitt trusopplæringsarbeid i samarbeid med trusopplæringsmedarbeider, trusopplæringsutvalet, andre tilsette og friviljuge medarbeidarar
  • Bidra til rekruttering og oppfølging av friviljuge medarbeidarar
  • Konfirmantarbeid
  • Samarbeid skule/barnehagane
  • Delta i kyrkjelyden sitt undervisnings- og opplæringstilbod

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning i samsvar med tenesteordning for kateketar
  • Erfaring med leiing, undervisningsarbeid og friviljuge
  • Erfaring med barne- og ungdomsarbeid
  • Vedkomande må ha førarkort
  • Opplysningar om samlivsform kan bli innhenta og vektlagt, jfr. AML. § 13-4

Personlege eigenskapar:

  • Vi ynskjer fortrinnsvis søkjarar som oppfyller krava til stillinga som kateket. Men er også open for søkjarar med høgskuleutdanning, særleg kristendom og pedagogikk. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Det er viktig at den som vert ansett er kreativ, god formidlingsevne, evner til å motivera og å arbeida i team og gode leiaregenskapar.

Vi tilbyr:

  • Kontor og godt kollegafellesskap
  • Løn og arbeidvilkår etter KA sitt avtaleverk
  • Pensjonsordning i KLP
  • Fleksibel arbeidstid