Denne stillingen er
ikke lenger tilgjengelig

Ledig stilling hos:

Foreningen Wallemtunet

Se hele stillingen
Sjå heile stillinga
Illustrasjonsbilde Stilling
Foreningen Wallemtunet
søkjer no
søker no ein

Dagleg leiar (50%)

Wallemtunet leirstad på Kvamskogen søkjer etter

Dagleg leiar (50%)

Vi søkjer etter deg som er motivert av utvikling, drift, misjon – og det å skape ein god møteplass for menneske i alle aldrar.

Fast stilling, inntil 50 %, frå 1. august eller tidlegare.

Sentrale arbeidsoppgåver og ansvarsområde:

  • Organisere og administrere utleige og dagleg drift
  • Aktivt drive sals- og marknadsaktivitetar og nettverksbygging
  • Vere vertskap og legge til rette for gjestar og arrangement
  • Ta vare på eigedomen i samarbeid med styret og frivillige medarbeidarar
  • Vidareutvikle Wallemtunet som møtestad, eigedom og foreining

Vi søkjer deg som

  • Har gode evner til økonomistyring
  • Har misjonsengasjement
  • Er utviklingsorientert og har god gjennomføringsevne
  • Har utdanning eller erfaring frå eit eller fleire av følgande fagområde: Leiing, formidling, service, administrasjon
  • Kommuniserer godt både munnleg, skriftleg og gjennom sosiale media
  • Er sosial og omgjengeleg og har evne til å skape entusiasme

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull og variert rolle i eit inkluderande kristent fellesskap
  • Fleksibelt og sjølvstendig arbeid med høve til heimekontor for deler av stillinga
  • Løn etter avtale

Vi føreset at søkjar vedkjenner seg den kristne trua og kan identifisere seg med Wallemtunet sitt formål og vedtekter. Den tilsette må kunne vise til gyldig politiattest.

For informasjon om stillinga ta kontakt med styreleiar Per Jarle Hunshamar, tlf. 996 13 997 eller noverande dagleg leiar Anne Cecilie Skeidsvoll, tlf. 482 82 809.

Søknadsfrist: 1. mars 2026

Send søknaden til post@wallemtunet.no

Søk herSøk her
Arbeidsgiver:
Arbeidsgjevar:
Foreningen Wallemtunet
Arbeidssted:
Arbeidsstad:
Heimekontor / Wallemtunet (Kvamskogen)
Ansettelsesform:
Tilsettingsform:
Deltid
Inntil 50 %
Søknadsfrist:
1/3/2026
Snarest
Kontaktperson
:
er:
ar:
Per Jarle Hunshammer
Styreleiar
996 13 997
Anne Cecilie Skeidsvoll
Noverande dagleg leiar
482 82 809
Søk herSøk her
Om arbeidsgjevar:

Wallemtunet er ein kristen leirstad som ligg idyllisk til på Kvamskogen, om lag ein times køyring frå Bergen. Vi arrangerer leirar og leiger ut Wallemtunet til kyrkjelydar, skular, organisasjonar og private. Wallemtunet var tidlegare eigd av Søndagsskulen Bergen krets, men er no ei eiga foreining.

Se hjemmesideSjå heimeside

Flere stillinger

Fleire stillingar

Illustrasjonsbilde Stilling

Rektor

Koffert - Symbol
Kongshaug Musikkgymnas
Illustrasjonsbilde Stilling

Kjøkkenansvarlig

Koffert - Symbol
Nordmøre og Romsdal Indremisjon
Illustrasjonsbilde Stilling

Lærer

Koffert - Symbol
Lundeneset VGS AS