Framnes Kristne Vidaregåande Skule er ein av dei større kristne internatskulane i landet. I over hundre år har me vore ein stad der fagleg utvikling, tru og fellesskap går hand i hand. Med rundt 270 elevar, kor dei fleste bur på skulen, har kjøkkenavdelinga ei avgjerande rolle i elevane sin kvardag. Her samlast elevar til måltid som gir energi til ein travel skulekvardag, skaper ein god møteplass og dagspuls på skulen.Me søkjer no ein kjøkkenleiar som vil ta ansvar for fag, personal og drift av kjøkkenavdelinga. Stillinga inneber personalansvar for omkring 11 personar, i tillegg kjem deltidstilsette elevar. Kjøkkenleiar koordinerer og planlegg for å sikre at maten blir servert til rett tid, at drifta er økonomisk berekraftig, og at elevane opplever måltida som gode og næringsrike.For å trivast og lukkast i denne stillinga trur me du må vere ein engasjert og tydeleg person som likar å vere samen med ungdom, og som evner å skape eit godt arbeidsmiljø, samtidig som du har blikk for effektiv drift og gode rutinar i eit storkjøkken.DINE ARBEIDSOPPGÅVER:
DIN KOMPETANSE:
DINE PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
ME TILBYR:
Arbeidsstad: NorheimsundSøknadsfrist: 12.03.2025Har du spørsmål eller ønskjer du ein uforpliktande prat om stillinga? Ta kontakt med vår rådgjevar i Human, Henrik Brandtzæg, på mob 938 36 995.Du kan også kontakte rektor ved Framnes KVGS, Harald Voster, på mob 930 09 831.
Framnes Kristne Vidaregåande Skule (Framnes KVGS) er ein av dei største kristne internatskulane i Noreg, med plass til om lag 270 elevar, der omlag 250 bur på internatet. Skulen ligg vakkert til på ei eiga halvøy i Hardangerfjorden, berre 4 km frå Norheimsund sentrum og om lag ein og ein halv time frå Bergen. Framnes KVGS er eigd av Indremisjonsforbundet og Indremisjonssamskipnaden, og har sidan etableringa i 1897 vore forplikta til å tilby utdanning basert på kristne verdiar. Skulen er open for søkjarar frå heile landet og legg vekt på at alle elevar skal oppleve tryggleik, meistring og omsorg i skulekvardagen.