Denne stillingen er
ikke lenger tilgjengelig

Ledig stilling hos:

Herøy kyrkjelege fellesråd

Se hele stillingen
Sjå heile stillinga
Illustrasjonsbilde Stilling
Herøy kyrkjelege fellesråd
søker nå en
søker no ein

Kateket

Er du engasjert i barn og ungdom og synest det er viktig å formidle den kristne trua til nye generasjonar? Vil du vere med å utvikle barne- og ungdomsarbeidet og bygge kyrkjelyd? Vi ønsker oss ein medarbeidar som kan vere med å vidareutvikle dei tiltaka vi har og som kan sjå potensialet og dei moglegheitene den flotte arbeidskyrkja med ungdomsavdeling, gymsal og amfi gjev oss. Du vil få moglegheit til å forme innhaldet i stillinga. Høyrest dette spanande ut og har du lyst å arbeide i ein kommune som er nabo til Sunnmørsalpane – då håper vi at nettopp du søkjer på stillinga som kateket hjå oss.

Du finn meir informasjon på vår heimeside:
www.kyrkja.no/herøy

Som kateket vil du få desse arbeidsoppgåvene:

  • Leie arbeidet med undervisning og opplæring for born og ungdom. I dette ligg:
    • Ha hovudansvar for konfirmantarbeidet
    • Ha hovudansvar for kyrkje-/skule-/barnehagesamarbeid
    • Organisere og delta i breiddetiltak i trusopplæringa i samarbeid med barne- og ungdomsdiakon
  • Delta i planlegging og gjennomføring av gudstenester
  • Delta i plan- og utviklingsarbeid for trusopplæringa
  • I samarbeid med staben og frivillige aktivt involvere born, ungdom og deira familiar i kyrkjelydane
  • Rekruttere, utruste og rettleie frivillige medarbeidarar

Du:

  • er utdanna kateket eller ønsker å ta kateket utdanning
  • er god til å kommunisere og kan på ein engasjerande måte formidle kristen tru til born og ungdom
  • kan jobbe sjølvstendig, er ryddig og strukturert
  • ser nytten i godt teamarbeid
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • er medlem i Den norske kyrkja

Vi tilbyr ein spennande jobb der du får vere med på å utvikle kyrkjelydsarbeidet. Vi vil legge til rette for at du kan utdanne deg til kateket dersom du ikkje alt er kateketutdanna. Arbeidsoppgåvene er varierte og du vil få utfordringar som gir deg moglegheit for personleg utvikling og vekst. Som tilsett blir du ein del av eit kontorfellesskap i ei godt tilrettelagt arbeidskyrkje. Saman med eit flott team, beståande av engasjerte medarbeidarar og frivillige, skal du utføre arbeidet i tre ulike kyrkjer/sokn. Løn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Det vert kravd politiattest, jfr. Lov om tros- og livssynssamfunn § 20. Den som blir tilsett må rekne med arbeid på ettermiddag/kveld og i helg. Du bør ha førarkort, og det er fint om du disponerer eigen bil. I tilsetjinga vil vi legge vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar.

Du er velkomen til ta kontakt for nærare opplysningar om stillinga og arbeidsoppgåvene med kyrkjeverje Birgitte Sævik Pedersen 418 60 781, kyrkjeverja@heroy-kyrkje.no

Vi tilbyr omvendt referanse, ta kontakt for meir informasjon.

Søknad med CV sendast til Herøy kyrkjelege fellesråd, Lisjebøvegen 1, 6091 Fosnavåg eller på e-post til kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no innan 14.04.2024.

Søk herSøk her
Arbeidsgiver:
Arbeidsgjevar:
Herøy kyrkjelege fellesråd
Arbeidssted:
Arbeidsstad:
Herøy
Ansettelsesform:
Tilsettingsform:
Heltid
100 %
Fast ansettelse
Søknadsfrist:
14/4/2024
Snarest
Kontaktperson
:
er:
ar:
Birgitte Sævik Pedersen
Kyrkjeverje
kyrkjeverja@heroy-kyrkje.no418 60 781
Søk herSøk her
Om arbeidsgiver:
Om arbeidsgjevar:

Herøy er ei kystkommune lengst sør i Møre og Romdal med oppunder 9.000 innbyggjarar. Øykommunen vår er bunden saman av bruer og kommunesenteret er kystbyen Fosnavåg. Øya Herøy er ein av nøkkelstadane på Kystpilgrimsleia. Kyrkja er med i nøkkelstadgruppa, og er aktiv med i pilgrimsarbeidet.

Vi er landfast til flyplass i Ørsta/Volda og har god kommunikasjon til både Bergen, Oslo og Trondheim. Det tek om lag 75 minutt å reise til Ålesund.

Kommunen har ein variert natur med kort veg til sjø og fjell. Sunnmørsalpane og fjordlandskapet i indre del av Sunnmøre er berre ein liten time unna. Der er det også mange moglegheiter for rekreasjon og aktivt friluftsliv.

Herøy kommune har eit rikt kulturliv innan mange ulike områder og kommunen har blitt kåra til årets ungdomskommune i Møre og Romsdal i 2020 og var ein av fire finalistar i 2023 på landsbasis.

I fellesrådsområdet er det tre sokn med ei kyrkje i kvart sokn, bygd i ulike hundreår. Leikanger kyrkje, Indre Herøy kyrkje og Herøy kyrkje. Kontorarbeidsplassen ligg i Herøy kyrkje og kyrkjebygget rommar kyrkjeskip, kapell, kyrkjelydssal, kyrkjestove, kontor, barne/ungdomsavdeling med eigen gymsal, amfi og lokale til open barnehage/møtestad.

Se hjemmesideSjå heimeside

Flere stillinger

Fleire stillingar

Illustrasjonsbilde Stilling

Barne- og familieleder

Koffert - Symbol
Sentrumkirken Strømmen
Illustrasjonsbilde Stilling

Administrasjonsleder

Koffert - Symbol
Sentrumkirken Strømmen
Illustrasjonsbilde Stilling

Frivillighetskoordinator

Koffert - Symbol
Hemsedal Høyfjellssenter