Vi søkjer ein person med gode samarbeidsevner og gode relasjonar til tilsette og frivillige i inntil 100 % stilling. Krinsleiaren må vedkjenne seg bevisst kristen tru, og vere ein truverdig representant for ImF sitt grunnsyn, verdiar og visjonar. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Det må påreknast noko arbeid i helg og kveld. Kontoret vårt ligg i Spjelkavik i Ålesund kommune.
Stillinga er omfatta av unntaka i likestillings- og diskrimineringslova § 9 og § 30, 3. ledd.
Du kan lese meir om oss på www.imfsunnmøre.no og www.imf.no
Stillinga lønnast etter avtale med utgangspunkt i ImF sitt lønnsregulativ.
Spørsmål om stillinga kan rettast til krinsleiar Johan Halsne på telefon 906 42 479
Søknad med CV sendast til sunnmore@imf.no
Søknadsfrist: 1. september 2025