Då dagleg leiar nærmar seg pensjonsalder, søkjer hotellet etter ein ny person i denne stillinga. Den som blir tilsett vil ha ansvaret for den dagleg drifta, og i samråd med eigarane vere med å utvikle hotellet vidare.
Ved tilsetting blir det lagt vekt på kompetanse og kvalifikasjonar innan økonomi og leiing, samarbeidsevne, relevant utdanning og erfaring og personlege kvalifikasjonar.
Ein må rekne med ei fleksibel arbeidstidsordning.
Innvik Fjordhotell er eigd av normisjonsforeiningar i regionen, og den som vert tilsett må kunne stille seg bak Normisjon sitt verdigrunnlag og arbeide i samsvar med dette.
Oppstart i stillinga vil vere etter avtale, men det er ønskjeleg seinast våren 2025.
Det er utarbeidt instruks for stillinga og løns- og arbeidsvilkår vil bli fastsett etter avtale.
Hotellet kan vere til hjelp med å skaffe bustad.
Om du syns dette kan vere ei interessant stilling å gå inn i, er vi interessert i å kome i kontakt med deg til ein uforpliktande samtale. Det ligg mange muligheter i det å vere med å leie og utvikle denne bedrifta som er meir enn eit hotell.
Kontaktperson for stillinga er styreleiar Svein-Ottar Sandal, tlf. 90969342, e-post: svein.sandal@enivest.net
Søknadsadresse: post@innvikfjordhotell.no, adr. Gamlevegen 21, 6793 Innvik.
Vi har rask responstid og er alltid tilgjengelig for å svare på dine spørsmål.
Send oss en henvendelse via skjemaet, eller ring oss på telefon +47 57 87 49 90