Denne stillingen er
ikke lenger tilgjengelig

Ledig stilling hos:

Nainkyrkja ImF Voss

Se hele stillingen
Sjå heile stillinga
Illustrasjonsbilde Stilling
Nainkyrkja ImF Voss
søker no ein

Pastor

Vil du vere med å leie og utvikle eit levande kristent fellesskap på Voss?

Nainkyrkja er eit fellesskap på Voss knytt til Indremisjonsforbundet. Vi ønskjer å vere ei forsamling der menneske i alle generasjonar kan møte Jesus, vekse i tru og finne sin plass i fellesskapet. No søkjer vi ein pastor som vil vere med å forkynne evangeliet, leie forsamlinga og bidra til å utvikle fellesskapet vidare.

Som pastor i Nainkyrkja får du ei sentral rolle i livet og arbeidet i forsamlinga. Saman med eldsteråd, styre og frivillige medarbeidarar vil du bidra til å byggje fellesskap, utruste menneske til teneste og utvikle forsamlinga vidare som eit ope og tydeleg kristent fellesskap i lokalmiljøet.

Dine viktigaste ansvarsområde:

  • Forkynne og undervise i samsvar med visjonen og verdiene til Nainkyrkja
  • Utøve sjelesorg, rettleiing og åndeleg oppfølging
  • Bidra til å utvikle fellesskap, smågrupper og tenesteområde i forsamlinga
  • Byggje team og utruste frivillige til teneste
  • Bidra til gode strukturar og tydelege prioriteringar i forsamlinga sitt arbeid
  • Samarbeide tett med eldsteråd og styre i strategiske prosessar
  • Representere forsamlinga lokalt og byggje relasjonar i nærmiljøet

Vi ser etter deg som:

  • har eit tydeleg engasjement for evangeliet og forsamlingbygging
  • kan forkynne bibelsk og relevant på ein måte som inspirerer og engasjerer
  • er ein relasjonsbyggjar som trivst med å utvikle menneske og fellesskap
  • har evne til å skape struktur og retning i ein organisasjon med mange frivillige
  • er trygg i eige leiarskap, men samstundes audmjuk og samarbeidsorientert

Teologisk utdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav.

Kva tilbyr vi?

  • Ei meiningsfull teneste med stor moglegheit til å påverke utviklinga av forsamlinga
  • Eit engasjert fellesskap med mange frivillige medarbeidarar
  • Samarbeid med dedikerte leiarar i styre og eldsteråd
  • Fleksibilitet og rom til å forme arbeidshardagen
  • Løn og ordningar etter ImF sine retningslinjer

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Arbeidsstad: Voss
Stillingstype: 80 - 100 % fast
Søknadsfrist: 06.04.2026
Kontakt:

  • Morten Myhren, Human AS: 48 22 46 60
  • Anne Stine Fløtre, Human AS: 93 80 10 03

Søk herSøk her
Arbeidsgiver:
Arbeidsgjevar:
Nainkyrkja ImF Voss
Arbeidssted:
Arbeidsstad:
Voss
Ansettelsesform:
Tilsettingsform:
80–100 %
Fast ansettelse
Søknadsfrist:
6/4/2026
Snarest
Kontaktperson
:
er:
ar:
Morten Myhren
Manager - Bergen
48 22 46 60
Anne Stine Fløtre
Consultant – Research & Marketing
93 80 10 03
Søk herSøk her
Om arbeidsgjevar:

Nainkyrkja Imf Voss er ei kyrkje som byggjer arbeidet på Bibelen Guds Ord, og den evangelisk-lutherske vedkjenninga. Nainkyrkja er knytt til Indremisjonsforbundet (ImF). Forsamlinga samlar menneske i ulike livsfasar og blir bore av eit stort engasjement frå frivillige medarbeidarar.

Gjennom gudstenester og møte, barne- og ungdomsarbeid, smågrupper og ulike fellesskap ønskjer vi å skape rom for tru, tilhøyrsle og teneste.

Saman ønskjer vi å vere eit synleg kristent fellesskap på Voss og bidra til at menneske får bli kjende med Jesus og leve som hans etterfølgjarar.

Se hjemmesideSjå heimeside

Flere stillinger

Fleire stillingar

Illustrasjonsbilde Stilling

Flere ledige stillinger

Koffert - Symbol
Misjonssambandet
Illustrasjonsbilde Stilling

Sokneprest i Karmøy prosti

Koffert - Symbol
Stavanger Bispedømmeråd
Illustrasjonsbilde Stilling

Hotellmedarbeider

Koffert - Symbol
Hermon Høyfjellssenter