Denne stillingen er
ikke lenger tilgjengelig

Ledig stilling hos:

Volda Frikyrkje

Se hele stillingen
Sjå heile stillinga
Illustrasjonsbilde Stilling
Volda Frikyrkje
søker nå
søker no ein

Pastor

Er du vår nye pastor?

Volda Frikyrkje søker etter pastor i 60–80 % stilling

Vi søker etter pastor som er glad i menneske, som evner å bygge relasjonar og som ikkje er redd for å tenkje nytt.

Nøkkeloppgåver:

• Leie utviklinga av kyrkjelyden

• Forkynne og vere med å forme gudstenestelivet

• Ha eit spesielt fokus på barn, unge og familiar

• Utruste leiarar og følgje opp frivillige

Ønska kvalifikasjonar:

• Relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå, eller relevant erfaring

• Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team

• Kunne formidle livsnær tru gjennom liv og forkynning

• Engasjement for unge si tru

Personlig utrustning og gode samarbeidsevner vert vektlagt.

Om to søkjarar ynskjer å dele på stillinga, er vi opne for det.

Den tilsette vil ha anledning til å kunne påverke både arbeidsoppgåver og satsingsområde. Stillingsinstruksen vil bli utforma i samarbeid med den som vert tilsett.

Pastor er forplikta til å lære og leve i samsvar med Guds ord og Den Evangelisk Lutherske bekjennelse.

Løn og pensjon etter Frikyrkja sitt avtaleverk.

Har du lyst til å vite meir om kyrkjelyden eller treng meir informasjon, ta kontakt med leiar i eldsterådet, Kjell Petter Wiik, tlf. 901 77 297.

Søknad med CV og referansar kan sendast til: kontor.volda@frikyrkja.no

Søknadsfrist: 31. desember

Søk herSøk her
Arbeidsgiver:
Arbeidsgjevar:
Volda Frikyrkje
Arbeidssted:
Arbeidsstad:
Volda
Ansettelsesform:
Tilsettingsform:
Deltid
60–80 %
Fast ansettelse
Søknadsfrist:
31/12/2025
Snarest
Kontaktperson
:
er:
ar:
Kjell Petter Wiik
Leiar i eldsterådet
901 77 297
Søk herSøk her
Om arbeidsgjevar:

Den Evangelisk Lutherske Frikirke (Frikyrkja) vart grunnlagt i 1877 og er eit kyrkjesamfunn med om lag 21.500 medlemar fordelt på 79 kyrkjelyder over heile landet.

Volda Frikyrkje er ein relativt ung kyrkjelyd stifta i 1991 og har om lag 130 medlemar i alla aldrar.

Vi bygde ny og flott kyrkjesal i 2011 med plass til godt over 200 personar.

Kyrkjelyden er velsigna med mange frivillige som bidreg til eit høgt aktivitetsnivå mellom anna innan barne- og ungdomsarbeid og på gudstenestene.

Volda er ei triveleg studiebygd med eit rikt kulturliv, omkransa av flott natur og høge fjell.

Se hjemmesideSjå heimeside

Flere stillinger

Fleire stillingar

Illustrasjonsbilde Stilling

Journalist sommervikar

Koffert - Symbol
Dagen
Illustrasjonsbilde Stilling

Lærer

Koffert - Symbol
OKS Friskole
Illustrasjonsbilde Stilling

Vaktmestere

Koffert - Symbol
NLM Eiendom