Denne stillingen er
ikke lenger tilgjengelig

Ledig stilling hos:

Fusa Sokn

Se hele stillingen
Sjå heile stillinga
Illustrasjonsbilde Stilling
Fusa Sokn
søker nå en
søker no ein

Kyrkjelydsarbeidar

Den norske kyrkja, Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd / Fusa sokn

Vil du vera med å byggja kristent fellesskap i Fusa? Trivst du blant barn og unge?

Vi har ledig stilling som kyrkjelydsarbeidar, med fokus på fellesskapsbyggjande arbeid.

Stillinga er ei prosjektstilling for eit år med mogleg forlenging/fast tilsetjing. Oppstart etter avtale. Stillingsstorleik: 100% (lågare stillingsprosent dersom ynskjeleg)

Bli ein del av ein aktiv landsens kyrkjelyd, som ønskjer, saman med mange frivillige medarbeidarar, å bygge fellesskap i Fusa sokn.

Kyrkjelydsarbeidaren vil ha ansvar for fellesskapsbyggjande kristne aktivitetar for barn, unge og familiar. Dette inneheld både breiddearbeid som t.d. tweensklubb og djupneabeid som t.d. undervisning og gudsteneste. Det vert arbeidsdeling med kyrkjelydspedagogen, prest og andre i staben. Ein må rekne med ein del kvelds- og helgearbeid.

Vi ønskjer søkjarar som:

  • har relevant høgskuleutdanning, men andre kan òg søke.  
  • trivst med barn, ungdom og familiearbeid.
  • vil formidle kristen tru og evangeliet om Jesus.
  • har gode samarbeidsevner og likar å jobbe i team.
  • jobbar sjølvstendig og tar ansvar for eigne oppgåver.
  • er kreativ og har evne til nytenking.
  • disponerer bil.

Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.

Særskilte krav

  • Medlemskap i Den norske kyrkja
  • Politiattest jfr. Trussamfunnslova §20

Vi tilbyr

  • Engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtaleverket i kyrkjeleg sektor
  • Gode pensjonsordningar med medlemskap i KLP

Ta gjerne kontakt med dagleg leiar i Fusa sokn, Hans Einar Markhus (tlf. 95936580), eller sokneprest Einar Ekerhovd (tlf. 91382964) for meir informasjon.

Søknad med CV sendast post.fusa@kyrkja.no  

Søknadsfrist: 31. mars 2023. 

Søk herSøk her
Arbeidsgiver:
Arbeidsgjevar:
Fusa Sokn
Arbeidssted:
Arbeidsstad:
Fusa sokn
Ansettelsesform:
Tilsettingsform:
Søknadsfrist:
31/3/2023
Snarest
Kontaktperson
:
er:
ar:
Hans Einar Markhus
Dagleg leiar i Fusa sokn
95 93 65 80
Einar Ekerhovd
Sokneprest
91 38 29 64
Søk herSøk her
Om arbeidsgiver:
Om arbeidsgjevar:

Fusa sokn er eit av to sokn i Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd. Fusa sokn er geografisk likt tidl. Fusa kommune og har eit arbeid i 5 kyrkjer i tillegg til Eikelandsosen bedehus. Arbeidsfellesskapet lokalt består av prest, kantor, konsulent, dagleg leiar, kyrkjetenarar, kyrkjelydspedagog samt dagleg leiar i frivilligsentral og held kontor på Fjord'n Senter i Eikelandsosen. 

Se hjemmesideSjå heimeside

Flere stillinger

Fleire stillingar

Illustrasjonsbilde Stilling

Barne- og ungdomspastor/-leiar

Koffert - Symbol
Pinsekyrkja i Volda
Illustrasjonsbilde Stilling

Lærere til ny kristen skole

Koffert - Symbol
Hans Nielsen Hauge grunnskoler
Illustrasjonsbilde Stilling

Pastor

Koffert - Symbol
Norkirken Kristiansand