Som rektor ved Møre barne- og ungdomsskule har du ei sentral rolle den daglege drifta av skulen, med overordna personal- og økonomiansvar. Du skal leie og motivere personalet, samarbeide med føresette og elevar, og sjå til at skulen driv i tråd med gjeldande regelverk. I tillegg ynskjer vi heile tida å utvikle oss, og evne til, samt auge for å sjå og finne nye løysingar og satsingsområde, både i det daglege og på systemnivå, er viktig. Opparbeiding og utvikling av uteområde vil verte eitt av fleire prioriterte arbeidsområde. Skulen har vidare ein tydeleg kristen profil, og rektor har ei nøkkelrolle i å formidle og integrere kristne verdiar i skulen sitt arbeid.
Ein engasjert, inspirerande og dedikert skuleleiar som brenn for utdanning og ønskjer å bidra til ein skule prega av kristne verdiar. Erfaring som skuleleiar, pedagogisk kompetanse, juridisk innsikt i gjeldande lover og reglar, gode samarbeidsevner, ein samlande natur, god administrativ kompetanse og økonomisk teft er moment som vil telje positivt i vurderinga.
Send søknad med CV og referansar til post@moreskule.no
Søknadsfrist: 14.05.2024
Startdato: 01.08.2024, eller etter avtale
Vi ser fram til å høyre frå deg!