Vi søkjer no etter
Tilsaman 80- 100% mellombels stilling
Dersom du har undervisningskompetanse innan både norsk, idrettsfag og/eller spansk er dette mogleg å kombinere. Det kan også bli aktuelt med ein kombinasjon med andre fag.
frå 01.08.2025
På grunn av permisjonar er det ledig mellombels stilling som lærar. Storleiken på stillinga kjem an på kva kompetanse du har: Vi har konkrete behov innan norsk, idrettsfag og spansk, men stillinga kan utvidast dersom du har undervisningskompetanse innan andre fag.
Du bør ha praktisk, pedagogisk utdanning, men søkarar utan slik utdanning kan bli vurderte.
Lærarar på Sygna deltek i det sosialpedagogiske og det kristne arbeidet ved skulen, m.a. tilsynsordninga.
Vi søkjer deg som er strukturert og har god evne til omstilling og læring. Du har godt humør, er glad i menneske, jobbar godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
Det er forventa at den som vert tilsett vedkjenner seg den kristne trua og aktivt medverkar til realiseringa av skulen sine overordna mål og kristne profil i tråd med skulen sine grunnlagsdokument. Søkjar må kunne gje opplysningar om dette, jf. AML§13-3 og 13-4 og likestillings- og diskrimineringsloven §30.
Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest, jf. privatskolelova § 4-3
For meir informasjon: Kontakt rektor, Frode Bøthun, tlf. 57 69 45 00.
Lønn: Ein har rett på same lønns- og arbeidsvilkår som ved tilsvarande stilling i offentleg skule.
Søknadsfrist: Snarast