Denne stillingen er
ikke lenger tilgjengelig

Ledig stilling hos:

Den norske kirke

Se hele stillingen
Sjå heile stillinga
Illustrasjonsbilde Stilling
Den norske kirke
Herøy kyrkjelege fellesråd søkjer
søker nå en
søker no ein

Kateket / kyrkjelydspedagog

Herøy er ein kystkommune med om lag 8 900 innbyggjarar busett på øyer bundne saman av bruer. Kommunesenteret vårt er den levande kystbyen Fosnavåg. Kommunen vår ligg heilt sør i Møre og Romsdal, og vi er landfast til flyplass i Ørsta/Volda (3 kvarter) og til Austlandet gjennom nye flotte veganlegg. Fosnavåg ligg om lag 5 kvarter reisetid sør om Ålesund. Her er ein flott og variert natur med gode høve til eit rikt friluftsliv på sjøen eller fjellet, i tillegg er det eit aktivt kulturliv innanfor mange områder. Herøy har gode skuletilbod og full barnehagedekning.

I fellesrådsområdet er det 3 sokn med ei kyrkje i kvart sokn; Indre Herøy kyrkje, Leikanger kyrkje og hovudkyrkja Herøy kyrkje som ligg i Fosnavåg.

Herøy kyrkje er ei stor og flott arbeidskyrkje som vart vigsla i 2003. Kyrkjebygget rommar kyrkjeskip, kapell, kyrkjelydsdel, kontor, ungdomsavdeling med eigen aktivitetshall, open barnehage og kafé. Lokala i Herøy kyrkje er svært eigna til å drive barne- og ungdomsarbeid.

Herøy kyrkjelege fellesråd søkjer
Kateket / Kyrkjelydspedagog

Det er ledig 100% fast stilling som kateket / kyrkjelydspedagog i Herøy kyrkjelege fellesråd frå 01.08.2023  

Arbeidsoppgåver

  • Ansvarleg for all undervisning i sokna
  • Leie trusopplæringa med visjonen «I møte med Jesus» for dei 3 sokna
  • Leie og utvikle konfirmasjonsarbeidet saman med andre tilsette.
  • Ansvarleg for samarbeid mellom kyrkje og skule/barnehagar
  • Vidareutvikle gudstenester retta inn mot barn- og unge i samarbeid med andre tilsette
  • Ansvar for trusopplæringsutvalet og rekruttering av frivillige medarbeidarar
  • Ta del i anna eksisterande kyrkjelydsarbeid for barn og unge i samarbeid med andre tilsette og frivillige

Kvalifikasjonar

  • Utdanning i samsvar med tenesteordning for kateketar i Den norske kyrkja
  • Søkjarar som har høgare utdanning innan pedagogikk eller teologi vil også bli vurderte. Det er då ønskeleg at ein er villig til å forplikte seg på vidareutdanning i kyrkjeleg undervisning medan ein jobbar.
  • Erfaring med planarbeid og undervisning er ønskeleg
  • Erfaring med arbeid blant barn og unge og eit sterkt engasjement for denne målgruppa

Personlege eigenskapar

  • Har gode pedagogiske evner og kan jobbe sjølvstendig og i team
  • Har evne til å organisere, arbeide målretta og strukturert
  • Er initiativrik, ser moglegheiter og er løysingsorientert
  • Gode evner til å formidle

Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja. Det  vert lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til samarbeid. Søkjar må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Søkjar må ha sertifikat og disponere bil. Ein del av dette arbeidet skjer på kveld – og helgetid.

Løn og godtgjering etter gjeldande tariffavtale. Pensjonsordning i KLP.

Fellesrådet vil hjelpe til å skaffe husvære.

Spørsmål kan rettast til kyrkjeverje på tlf. 70 08 02 60 / 95 13 12 04

Søknad med vitnemål og attestar sendast til:

Herøy kyrkjelege fellesråd, Lisjebøvegen 1, 6091 Fosnavåg / kyrkjeverja@heroy-kyrkje.no        

innan 12.juni 2023

For meir info, sjå www.heroy-kyrkje.no

Søk herSøk her
Arbeidsgiver:
Arbeidsgjevar:
Den norske kirke
Arbeidssted:
Arbeidsstad:
Fosnavåg
Ansettelsesform:
Tilsettingsform:
Søknadsfrist:
12/6/2023
Snarest
Kontaktperson
:
er:
ar:
Olaus Jon Kopperstad
vikar kyrkjeverje
olaus.jon.kopperstad@heroy-kyrkje.no+47 70080260
Søk herSøk her
Om arbeidsgiver:
Om arbeidsgjevar:

Den norske kirke har over 3,5 millioner medlemmer, om lag 75.000 frivillige medarbeidere, 8.500 valgte rådsmedlemmer og 7.500 ansatte. Kirkens 1.200 menigheter tilbyr kirkelig betjening til innbyggerne i alle landets kommuner. Kirkerådet forbereder sakene til Kirkemøtet, som er Den norske kirkes øverste demokratisk valgte organ. Kirkerådet iverksetter Kirkemøtets beslutninger og leder arbeidet mellom Kirkemøtene. Kirkerådets sekretariat har ca. 110 ansatte organisert i fagavdelinger med nasjonale funksjoner.

Se hjemmesideSjå heimeside

Flere stillinger

Fleire stillingar

Illustrasjonsbilde Stilling

Lærere

Koffert - Symbol
Danielsen Ungdomsskole Bergen
Illustrasjonsbilde Stilling

Assisterende rektor

Koffert - Symbol
Danielsen Videregående Skole og Danielsen Intensivgymnas
Illustrasjonsbilde Stilling

Lærer i helse- og oppvekstfag

Koffert - Symbol
Gjennestad VGS