Vi søker etter dyktige lærarar og/eller spesialpedagoger med erfaring frå skulen. Møre barne- og ungdomsskule Skodje arbeidar målretta med å utvikle ein god skule med utdanning og opplæring som kan sette gode spor i elevane våre. Profesjonsfelleskapleg samarbeid om fagfornyinga (LK20), dysleksivenleg undervisning, tilpassa opplæring, inkludering og fokus på eit godt skulemiljø er noko du som som lærar og/eller spesialpedagog vil kunne vere ein del av.
Stillingsstørrelsen kan verte inntil 100%, og det kan bli høve for fast stilling. Oppstart etter avtale.
ARBEIDSOPPGÅVER:
- Spesialundervisning knytta til enkeltelevar og lita gruppe
- Undervisning i gitte fag (etter kompetanse og utdanning)
- Kontaktlærarerfaring er ønskeleg
- Delta i det pedagogiske teamarbeidet og utviklinga av opplæringa ved skulen
Det sjuande skuleåret vårt er godt i gang, og med stadig nye elevar til skulen vår så har vi innhaldsrike dagar. Alle tilsette ved skulen må kunne identifisere seg med, og arbeide aktivt for å fremje formålet og det kristne verdigrunnlaget for skulen.
Å etablere og drive ein kristen friskule krev engasjement og fleksibilitet, og det er viktig at alle i personalet vil gjere sitt ytterste for å skape eit godt miljø med vekt på kristen verdiformidling på skulen – slik at elevane kan trivast, vere trygge og få eit godt utbytte av skuletida.
Den som blir tilsett, må kunne leggje fram politiattest.
Spørsmål om stillingane kan rettast til: rektor@moreskodje.no eller ingrid.steinshamn@moreskodje.no
Søknadsfrist: 10. januar 2022
Utanom ordinær CV inkl. både utdanning og arbeidserfaring, så kan du som søkar gjerne fortelle noko om:
- Skildre erfaring innan undervisning og/eller spesialundervisning
- Engasjement/interesser utanom arbeid
- Kvifor du kan tenke deg å arbeide på ein kristen friskule
Søknad med CV sender du til rektor@moreskodje.no eller pr post:
Møre barne- og ungdomsskule Skodje
v/ rektor Håkon Hovda
Brusdalsvegen 750
6260 Skodje
Ønska kvalifikasjonar og kompetanse:
For stillinga vert det vektlagd:
- Kunnskap om undervisning, opplæring, gode læringsmetodar og studieteknikkar
- Erfaring innan klasseleiing – med vekt på god relasjonskompetanse
- Brei erfaring frå pedagogisk arbeid i grunnskulen (fagrelevant – om faglærarstilling)
- Relevant utdanning og kompetanse innan fagområde og/eller spesialpedagogikk
- Ønskelig med gode digitale ferdigheter, gjerne med kjennskap til dysleksivenleg utstyr og verktøy
- Evne og interesse for å vere med å skape eit positivt lærings- og arbeidsmiljø og eit godt skule-/heimsamarbeid
- Kjennskap til LK20, lærande møter og profesjonsfelleskap
Personlege eigenskaper:
- Stort engasjement for elevenes utvikling og læring
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, særskilt i møte med barn og unge
- Påliteleg og profesjonell i møte med ein elevorientert undervisningspraksis
- Arbeider godt både sjølvstendig og i team, målretta og strukturert
- Er fleksibel, løysingsorientert og med evne til å ta gode avgjersle i ein hektisk kvardag
- Det vil bli lagt vekt på om ein er personleg eigna
Generelt:
- Pliktig medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning med 2%.
- Det er krav om tilfredsstillande politiattest ved tilsetting. Politiattest skal ikkje vedleggas søknaden, men hentas inn i etterkant.
- Lønns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Vi kan tilby:
- ein variert og interessant jobb
- opplæring og veiledning også for erfarne lærarar/pedagogar
- praksisutvikling gjennom lærande netteverk
- ei engasjert og dyktig personalgruppe
- fantastisk trivelege og flotte elevar
- gode pensjonsvilkår
- gode muligheter for videreutdanning og faglig utvikling
- jamleg samarbeid med andre friskular og lærarar/pedagogar
- ein arbeidsplass som også gjev rom for truslivet, både mellom kollegaer og i arbeidskvardagen
- bedriftshelseteneste med gode tenestetilbod og tett samarbeid
Spørsmål om stillingane kan rettast til rektor, Håkon Hovda: rektor@moreskodje.no eller til rådgjevar Ingrid K. Steinshamn: ingrid.steinshamn@moreskodje.no